Sola ruinkyrkje
Utsjånad
Sola ruinkyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Tungenes | ||
Sokn | Sola | ||
Fellesråd | Sola | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Louis Kloster | ||
Sola ruinkyrkje 58°53′28″N 5°36′41″E / 58.89098°N 5.61129°E | |||
Wikimedia Commons: Sola ruinkirke |
Sola ruinkyrkje er ei kyrkje i Sola kommune. Kyrkja var lenge rekna som ein ruin. Kyrkja har seinare vorte bygd opp att med tak.
Kyrkja var opphavleg bygd på tidleg 1100-talet og var i bruk som soknekyrkje til 1842, då det vart reist ei ny soknekyrkje i tre. Gamlekyrkja vart då ståande som open ruin fram til marinemålaren Johan Jacob Bennetter i 1871 kjøpte murane og laga seg bustad og atelier av dei. Bygget stod som bustadhus fram til 1907 då det igjen vart ståande som ruin. Slik stod det fram til 1940 då den tyske krigsmakta syrgde for å rive murane.
I perioden 1992-1995 vart kyrkja rekonstruert under leiinga til arkitekt Louis Kloster.
Kyrkja er eigd av Sola kommune og vert mykje nytta til vigsler og konsertar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå 1913 av ruinane, på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Sola ruinkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.