Slimane
Slimane | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1989 (35 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montfermeil | ||
Alias | Slimane | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 2008– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Mercury Records, Universal Music France | ||
Verka som | songar, songar-låtskrivar, skodespelar, plateartist |
Slimane Nebchi (fødd 13. oktober 1989), kjend mononymt som Slimane, er ein fransk songar og låtskrivar. I 2016 vann Nebchi den femte sesongen av talentshowet The Voice: la plus belle voix og har sidan gjeve ut eit album og ni singlar. Han representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Mon amour».[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Slimane Nebchi blei fødd 13. oktober 1989 i Chelles i Seine-et-Marne utanfor Paris. Besteforeldra hans flytta til Paris frå Biskra og Ghazaouet i Algerie.[2] Han gjekk ved skulen Lycée Jehan de Chelles, og flytta sidan til Paris-forstaden Les Lilas, der han jobba for la société ATEED.
Nebchi byrja musikkarrieren sin ved å leggje ut songar på internett, med eigenskrivne låtar som «Toi et moi», «Je n'y suis pour rien», «Salem» og «Amour Impossible». Han deltok i flere musikktevlingar, blant andre Nouvelle Star i 2009, X Factor i 2011, Encore une chance i 2012 og i den andre sesongen av Je veux signer chez AZ.[3] Han deltok i Star Music Beach Tour i 2012 med Richard Cross.[4] I 2015 hadde han ei siderolle i den franske musikalen Marie-Antoinette et le Chevalier de Maison-Rouge av Didier Barbelivien.
I 2016 deltok Nebchi på audition for den femte sesongen av The Voice: la plus belle voix, der han song «À fleur de toi» av Vitaa. Han avanserte til direktesendingane, og 14. mai 2016 vann han finalen med 33 prosent av røystene.[1]
Etter å ha vunne The Voice oppnådde han stjernestatus heime i Frankrike og har sidan selt 2 millionar album, mottatt fem NRJ Music Awards og ein Victorie de la Musique. Han har over 2 milliardar strøymingar og 7 millionar følgjarar på sosiale medium.[1]
Nebchi representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö med songen «Mon amour», der han enda på fjerdeplass med 445 poeng.[5][6][1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Slimane will represent France at Eurovision 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 8. november 2023. Henta 24. desember 2023.
- ↑ H, Maacha (16. april 2021). «Le chanteur d'origine algérienne Slimane interdit d’entrer au Maroc» (på fransk). Henta 24. desember 2023.
- ↑ «Slimane (The Voice 5) : Il avait déjà tenté Nouvelle Star, X Factor». Public.fr (på fransk). 8. februar 2016. Henta 24. desember 2023.
- ↑ «Slimane (The Voice) : cet habitué de la télé a ému Twitter». TV Magazine (på fransk). 7. februar 2016. Henta 24. desember 2023.
- ↑ Siclier, Sylvain (12. mai 2024). «Eurovision 2024 : Slimane et sa chanson « Mon amour » offrent une quatrième place à la France» [Eurovision 2024: Slimane and his song “Mon amour” offer France a fourth place]. Le Monde (på fransk). Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 25. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - France Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 15. mai 2024. Henta 25. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Slimane» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2024.