Slavko Goluža
Slavko Goluža | |
Statsborgarskap | Kroatia |
Fødd | 17. september 1971 (53 år) Stolac |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996 |
Slavko Goluža (fødd 17. september 1971) er ein kroatisk tidlegare handballspelar og seinare -trenar. Åra 1992-2005 deltok han i 204 av Kroatia sine landskampar, skåra 545 mål. Han var med på å verte olympisk meister i 1996 og 2004, samt verdsmeister i 2003. Goluža, som oftast hadde rolla som spelstyrar, sanka elles to VM-sølv og ei VM-bronse. Frå 2010 til 2015 var landslagssjef for Kroatia.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Goluža var aktiv i RK Zagreb frå 1989 til 1998 og 2004-06. Med dette laget vann han IHF-meistercupen i 1992 og 1993. Perioden 1999-2002 spelte han for RK Metković, eit lag som sigra i EHF-cupen i 2002. Heime vart RK Zagreb jugoslavisk seriemeister i 1991 og kroatisk seriemeister 1992-98 og 2005-06. Sesongen 2003/4 var Goluža aktiv i Veszprém KSE, eit lag som vart ungarsk dobbelmeister i 2004.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå og med europameisterskapen i 1994 til verdsmeisterskapen 2005 hevda Kroatia og Goluža seg heilt i toppen under dei internasjonale meisterskapsturineringane. I tur og orden vart det EM-bronse i 1994, VM-sølv i 1995, OL-gull 1996, VM-gull 2003, OL-gull 2004 og VM-sølv i 2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Slavko Goluža» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2022.
- Einskildmenn
- Fødde i 1971
- Kroatiske handballspelarar
- Verdsmeistrar i handball
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske meistrar for Kroatia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Handballspelarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Handballspelarar under sommar-OL 2004