Slaget ved Fort Beauséjour markerte opninga på ein britisk offensiv i den franske og indianske krigen (den nordamerikanske delen av sjuårskrigen). Frå 3. juni 1755 la ein britisk arme under oberstløytnantRobert Monckton ei omleiring på ein liten fransk garnison ved Fort Beauséjour med mål om å få kontroll over Chignecto-eidet. Å ha kontroll over dette eidet var kritisk for franskmennene, fordi det var den einaste vegen mellom Quebec og Louisbourg på vinterstid. Etter ei to veker lang omleiring, den 16. juni, kapitulerte Louis Du Pont Duchambon de Vergor, kommandanten i fortet.