Skrapar
Skrapar | |||
---|---|---|---|
Elva Osum med fjellet Tomorr i bakgrunnen | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Berat | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
831 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
12 403[1] | ||
Koordinatar | 40°30′0″N 20°14′0″E / 40.50000°N 20.23333°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Skrapar kommune innafor regionen Berat |
Skrapar er ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan, i aust til regionen Korçë og i sør til regionen Gjirokastër.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Çorovodë vart slått saman med landkommunane Qendër Skrapar, Bogovë, Vëndreshë, Çepan, Potom, Leshnjë, Gjerbës og Zhepë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Çorovodë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei ni kommunane som i dag utgjer storkommunen Skrapar, til saman 12 403 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Skrapar.[3]