Hopp til innhald

Sjosja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjosja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 3 080 km²
Lengd 163 km
Middelvassføring 95,7 /s
Munning Volga
Kart
Sjosja
56°04′49″N 35°16′32″E / 56.080277777778°N 35.275555555556°E / 56.080277777778; 35.275555555556
Wikimedia Commons: Shosha River

Sjosja (russisk Вишера) er ei elv i Tver Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Elva er 163 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 080 km².

Elva har utspring i Moskvahøgdene. Den øvre delen er særs svingete, med bratte breidder. Nedanfor landsbyen Turginovo vert breiddene lågare og her og der myrlendte. Etter at Sjosja renn saman med Lama, den største sideelva hennar, renn ho ut i Ivankovskoje-reservoaret.

51 km frå munningen hennar er middelvassføringa 8,5 m³/s. Elva frys til ein gong mellom november og tidleg januar, og er islagd til slutten av mars eller april.