Sistema Central
Sistema Central er ei fjellkjede på Den iberiske halvøya og ein av dei mest dominerande delane av det iberiske platået (Meseta Central). Fjellkjeda deler platået i to delar. Sistema Central går frå aust til vest, stort sett langs den sørlege grensa til den autonome regionen Castilla y León og inn i Portugal.
Fjella består av fleire mindre fjellkjeder, som Sierra de Guadarrama som går om lag langs grensa mellom Madrid og Castilla y León, og Sierra de Gredos nord for grensa mellom Castilla y León og Castilla-La Mancha og inn i Extremadura. I sistnemnde ligg det høgaste fjellet i systemet, Pico Almanzor på 2592 meter over havet.
Av andre fjellkjeder i Sistema Central finn ein Sierra de Ayllón, Sierra de Ávila, Sierra de la Paramera, Sierra de Candelario, Sierra de Francia, Sierra de Gata og Serra da Estrela i Portugal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sistema Central» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2009.