Simrishamn
55°33′00″N 14°21′00″E / 55.55000°N 14.35000°E
Simrishamn | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 491 km² | ||
Folketal | 6 863 (31. desember 2023) | ||
![]() Simrishamn 55°33′03″N 14°20′52″E / 55.550793241987°N 14.347881242183°E | |||
Wikimedia Commons: Simrishamn |
Simrishamn (tidlegare dansk Simmershavn, tidlegare òg Cimbers hamn) er ein svensk by og centralort i Simrishamn kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2020 hadde byen 6 844 innbyggjarar.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Simrishamn er fyrst nemnd som «Svimraros» i år 1123, då Sigurd Jorsalfare ifølgje Heimskringla skal ha kome siglande hit og gjort utfall herfrå mot Tommerup.[2]
Før byen blei kjøpstad var det eit lite fiskeleie på staden, som var hamn for den nærliggande kjøpstaden Tommerup, der den danske kongen hadde eit myntverk. Simmershamn fekk kjøpstadsprivilegium og ei ny kyrkje, Sankt Nicolai på byrjinga av 1300-talet. Byen blømde under Kristian IV, men blei i 1655 kraftig råka av pest. Byen var ein viktig del i handelen med det nærliggande Bornholm.
I 1657 vitja kong Frederik III byen, og året etter gjekk Simrishamn over til Sverige. Den svenske arméen hogg ned den omkringliggande bøkeskogen, for å unngå at motstandsmenn og snapphanar kunne gøyme seg i han. Busetjarane sørgde over tapet av skogen, og over at svina ikkje lenger kunne finne føde i han. Det blei innført toll og restriksjonar på handelen med Danmark og Bornholm, noko som medverka til at byen gjekk i dvale i ein lengre periode.
I dag er Simrishamn eit ynda turistmål på Österlen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistiska tätorter 2020, befolkning, landareal, befolkningstäthet per tätort (på svensk), Statistiska centralbyrån, 24. november 2021, Wikidata Q112914414
- ↑ «Simrishamn 900 år | Simrishamns kommun (som i sin tur hämtar uppgift från Snorre Sturlasson)». www.simrishamn.se (på svensk). Arkivert frå originalen 20. september 2022. Henta 19. september 2022.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |