Hopp til innhald

Sicalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sicalis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sicalis
F. Boie, 1828

Sicalis er ei slekt av sporvefuglar i tanagarfamilien Thraupidae som samlar tretten artar heimehørande i tropisk Amerika (neotropane). Dei har utbreiing i alle land i Sør-Amerika, frå La Guajira-departementet lengst nord i Colombia sørover til Eldlandet, sørlege Patagonia i Argentina og Chile. Ein art, solbuksporv, har også svært fragmenterte populasjonar frå det sørlege Mexico gjennom Sentral-Amerika til Colombia.

Det feminine slektsnamnet Sicalis kjem frå gresk σικαλίς/sikalis - ein liten fugl med svart hovud, nemnt av Aristoteles og andre. Arten er ikkje identifisert, men var truleg eigentleg ein som i dag klassifisert som Sylvia-songar.[1]

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Fuglane i denne slekta er små tanagarar som måler mellom 10 og 15 cm i lengd. Dei er overvegande gule og svært synlege i opne landskap, med størst artsrikdom i Andesfjella, men fleire artar finst også i lågareliggande område. Gult dominerer i fjørdraktene, der svovelhakesporv er eit unnatak. Nebbet er konisk, finkeliknande, nebbryggen lett bøygd og halefjørene er spisse.[2] Dei fleste artane lever i flokk utanom hekketida og byggjer reir i hòl, stundom i halvkolloniale grupper. Variasjonar i alder og fjørslitasje samt kjønnsrelaterte fjørdrakter kan gjere det vanskeleg å skilje mellom einskilde artar visuelt, særleg i Andesfjella. Dei opptrer likevel vanlegvis i einsarta grupper, der ein typisk vaksen fugl alltid er til stades. Ungfuglar og hoer har meir dempa fjørdrakter enn hannar.

Artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Sicalis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4] Alle artane er klassifiserte som livskraftige.[5]

Bilete Vitskapleg namn Norsk artsnamn Informasjon[6]
Sicalis citrina Sitronsporv 11 cm, 400–2800 moh., vidaste utbreiing i Brasil, elles fragmentert i Argentina, Bolivia, Colombia, Guyana, Paraguay, Peru, Surinam og Venezuela
Sicalis taczanowskii Svovelhakesporv 12 cm, 0-300 moh. i nordlegaste Peru, sørvestre Guayas, El Oro og Loja-provinsane i Ecuador
Sicalis uropigyalis Gråkinnsporv 13 cm, 3300–4700 moh. i altiplano og Andes, frå Cajamarca-regionen, Peru i nord gjennom Bolivia, Chile sør til Tucumánprovinsen i Argentina
Sicalis flaveola Safransporv 13,5–15 cm, lågtliggande frå La Guajira-departementet, Colombia til La Pampa, Argentina, også i Trinidad og Tobago
Sicalis columbiana Gullpannesporv 11,5 cm, 0-300 moh, Llanos-Orinoco i Colombia og Venezuela, nedre Amazonaselva og cerrado i Brasil
Sicalis luteola Solbuksporv 9,8–12,5 cm, 0-2500 moh >3300 i Andes. Colombia sør og aust til Guyana og sentrale Ecuador, Peru og Brasil. Fuglar som hekkar lenger sør i Argentina og Uruguay migrerer til Bolivia og sørlege Brasil om vinteren. Det finst også isolerte bestandar i Mellom-Amerika og sørlegaste Mexico.
Sicalis luteocephala Sitronhovudsporv 13-14 cm, 2500 – 3500m i puna økoregion i Bolivia inn i Jujuyprovinsen i nordvestlegaste Argentina
Sicalis lebruni Patagoniasporv 14 cm, 0-1200 moh., Argentina til Eldlandet, der også inn i Chile
Sicalis olivascens Gusjesporv 12,5–14 cm, 1000–4500 moh, men ikkje under 2550 m i Bolivia. Lever i Peru, Bolivia, Chile og Argentina
Sicalis mendozae Montesporv 13,5-14 cm, 900–2100 moh. i Andes og ned til 600–770 m i Sierra de las Quijadas i vestlege Argentina
Sicalis auriventris Gyllenbuksporv 14,5-15 cm, lever 2,500–4,500 moh i Andes ned til 800 m i Patagonia. Langs Andes i Chile-Argentina
Sicalis raimondii Perusporv 11,5 cm lever langs kysten av Peru, inn i marginalt nordlegaste Chile
Sicalis lutea Punasporv 13,5-14 cm, 3800–4500 moh., Andes (austsida) i Peru, i Bolivia, i tørr puna i Jujuy- og Saltaprovinsen i Argentina
Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 356. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  3. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
  4. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 11. november 2024. 
  5. Birdlife International, Søk på Sicalis
  6. Winkler et al

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sicalis