Sensorisk nerve
Utsjånad
Sensoriske nervar (eller sansenervar) er nervar som tek imot sensorisk stimuli og formidlar dei vidare. Dei er del av det perifere nervesystemet. Sensoriske nervar er danna av nervefibrar med reseptorar i sin perifere ende. Kvar reseptor er mottakeleg for ein bestemt type stimuli. Det finst eigne nervefibrar for kulde og varme (termoreseptorar), strekk og trykk (mekanoreseptorar) og smerte (nociseptorar).
Ute i periferien registrerer nervane stimuli. Desse stimulia går så inn i sentralnervesystemet som elektriske pulsar og gjennom ryggmergen til hjernen, der signala kan verta bearbeidde. Signalhandsaming kan òg skje på lågare nivå.