Seinmellomalderen
Utsjånad
Seinmellomalderen er ein bolk av europeisk historie mot slutten av mellomalderen. Seinmellomalderen er rekna å ha vara frå slutten av høgmellomalderen på 1300-talet til 1500-talet med renessansen.
Europa var økonomisk og politisk i framgang då pesten Svartedauden herja på 1350-talet. Ein reknar med at kring halvdelen av ibuarane i Europa døydde, nokre stader opp til tre fjerdedelar.
Tidsline
[endre | endre wikiteksten]- 1315–1317: Hungersnaud
- 1337–1453: Hundreårskrigen
- 1347–1350: Svartedauden
- 1378–1417: Det vestlege skismaet i den katolske kyrkja
- 1450-åra: Oppfinninga av trykkekunsten, Johann Gutenberg
- 1453: Konstantinopel fall, slutten på Austromarriket
- 1492: Christoffer Columbus oppdaga Amerika
- 1498: Vasco da Gama oppdaga ei sjørute til India
- 1517: Start på Reformasjonen, med innføring av protestantisme mange stader