Scaife Mountains
Utsjånad
Scaife Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 75°06′S 065°08′W / 75.100°S 65.133°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Scaife Mountains 75°06′00″S 65°08′00″W / 75.1°S 65.1333333°W | |||
Scaife Mountains er ei gruppe fjell vest for Prehn Peninsula mellom Ketchum- og Uedabreen i Palmer Land inst på Den antarktiske halvøya.[1]
Fjellkjeda oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, 1947-48, som namngav desse fjella etter Alan M. Scaife frå Pittsburgh som støtta ekspedisjonen.[1]
Fjell
[endre | endre wikiteksten]- Mount Brundage er eit fjell som ligg 22 km vest-sørvest for Mount Terwileger i sørlege delen av Scaife Mountains. Det vart oppdaga av RARE somkalla det opp etter Burr Brundage i USA Department of State. Brundage assisterte i førebuinga av ekspedisjonen.[2]
- Mount Terwileger er eit fjell på nordsida av Uedabreen, heilt søraust i Scaife Mountains. Det vart kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Stephen E. Terwileger, som var sjukepassar på Amundsen-Scott-stasjonen i 1967.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Scaife Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Scaife Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Mount Brundage». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. februar 2013.
- ↑ «Mount Terwileger». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scaife Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).