Sarca
Utsjånad
Sarca er ei elv nord i Italia. Ho har sitt utspring i Adamello-Presanella-fjella og renn ut i Gardasjøen. Elva som renn vidare frå Gardasjøen heiter Mincio.
Elva renn først gjennom Val di Genova og dannar fleire fossefall, der Cascina Muta og Saft dei Can er mest kjend. Før ho når Val Rendena vert delar av vatnet nytta til produksjon av vasskraft. Dei største stadane langs elva er Pinzolo, Tione di Trento og Ragoli.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sarca frå Engelsk Wikipedia .