Sarabande
Sarabande (italiensk sarabanda) er ein dans i tredelt takt. Han er først nemnd truleg i Sentral-Amerika, og var på 1600- og 1700-talet ein selskapsdans i Spania.
Eldste skriftlege omtalen av dansen me kjenner er frå 1539, då ein dans kalla zarabanda er nemnt i eit dikt skrive i Panama av Fernando Guzmán Mexía.[1] Det ser ut til at dansen vart populær i dei spanske koloniane før han flytta tilbake over Atlanterhavet og til Spania. Medan han vart forboden i Spania i 1583 for å vere uanstendig vart han ofte nemnt i litteraturen for denne perioden, mellom anna av Cervantes og Lope de Vega.
|
|||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Sarabanden vart stort sett dansa i eit sakte tempo i 3/2 eller 3/4 takt. Det andre taktslaget vert særleg vektlagt. I barokkmusikken vart dansen ein tradisjonell sats i ein suite, som regel mellom couranten og gigen.
Musikkforma blei gjenoppliva sist på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet av komponistar som Debussy og Satie og, i ulik stil, av Vaughan Williams i Job og Benjamin Britten i Simple Symphony.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Sarabande» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Richard Hudson: «Sarabande», New Grove Online (krev betalt tilgang).
- Denne artikkelen bygger på «Sarabande» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2010.