Säters kommun
Säters kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Dalarnas län | ||
Landskap | Dalarna | ||
Del av | Dalarna, Q18290534, Q61606267 | ||
Centralort | Säter | ||
Areal | 627,87 km² | ||
• land | 573,91 km² | ||
• vatn | 53,96 km² | ||
Folketal | 11 000 | ||
Folketettleik | 19 / km² | ||
Säters kommun 60°21′N 15°45′E / 60.35°N 15.75°E | |||
Kart som viser Säters kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Säter Municipality | |||
Nettstad: www.sater.se |
Säters kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Falu kommun i nord, Hedemora kommun i aust, Smedjebackens kommun i sør, Ludvika kommun i vest og Borlänge kommun i nordvest. I tillegg grensar han til Hofors kommun i Gävleborgs län nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Säter.
Landskapet i kommunen er kupert og skogkledd med mange vatn. Dalälven renn gjennom kommunen og dannar fleire ravinar. Säters kommun har lange tradisjonar innanfor gruve- og industriverksemd, og framleis finst det nokre mellomstore produksjonsføretak, men den største arbeidsplassen i kommunen i dag er Säters sjukhus.
Administrativ historikk
[endre | endre wikiteksten]Kommunereforma i 1952 innebar at kommunane Silvberg og Gustafs vart slått saman til storkommunen Gustafs, samt at Säters landskommun vart innlemma i Säters stad. Det vart ikkje gjort forandringar i Stora Skedvi. Säters kommun vart oppretta i 1971 ved at Gustafs og Stora Skedvi slo seg saman med Säters stad.
Kommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Blasonering: På sølvbakgrunn, ein smed som står på svart mark – kledd i raud hue, svarte bukser og sko, sokkar av gull og med ansikt og armar i gull – og heisar eit blått verktøy med svart skaft mot eit raudt smiemne som ligg på marka.[1]
Dette kompliserte våpenet, som vart teke i bruk allereie i 1642, vart fastsett av kongen på 1940-talet. Etter kommunesamanslåinga vart det diskutert endringar i det, men det vart berre gjort små forenklingar då våpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1987.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Det er fire tettstader i Säters kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Säter | 4 438 |
2. | Naglarby och Enbacka | 1 005 |
3. | Mora | 797 |
4. | Solvarbo | 332 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Säters kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Säter – kommune» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I fält av silver en på svart mark stående smed – klädd i röd luva, svarta byxor och skor, strumpor av guld och med ansikte och armar i guld – höjande ett blått verktyg med svart skaft mot ett en upphöjning liggande rött smidesämne».