Rueil-Malmaison
Rueil-Malmaison | ||
---|---|---|
Château de Malmaison | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine | |
Geografi | ||
Flatevidd | 14,7 km² | |
Flatevidd - By |
14,7 km² | |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
76 700 5 218/km² | |
Koordinatar | 48°52′39″N 02°10′45″E / 48.87750°N 2.17917°E | |
Høgd over havet | 24, 164 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.mairie-rueilmalmaison.fr |
Rueil-Malmaison er ein kommune og by i dei vestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 12,6 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine, og har eit folketal på like over 75 000 innbyggjarar.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Rueil-Malmaison vart opphavleg berre kalla Rueil. I mellomalderen vart namnet skrive anten som Roialum, Riogilum, Rotoialum, Ruolium eller Ruellium. Dette namnet kjem frå det keltiske ordet ialo (som tyder «lysning i skog»), som er ordstamma til det latinske ordet rivus, som tyder «elv, bekk».
I 1928 fekk kommunen namnet Rueil-Malmaison, etter den mest vidkjende turisttraksjonen i byen, Chateau de Malmaison, bustad for Napoléon si første kone Joséphine de Beauharnais.
Namnet Malmaison kjem frå det mellomalderlatinske ordet mala mansio, som tyder «ugunstig område» eller «eigedom med ulykke». Tidleg i mellomalderen var Malmaison ein kongeleg residens som vart øydelagd av vikingar i 846, og derfor namnet
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rueil er kjend for Chateau de Malmaison der Napoleon og den første kona hans, Joséphine de Beauharnais, budde. Då ho døydde i 1814 vart ho gravlagd i nærleiken ved kyrkja St. Pierre og St. Paul, som ligg i sentrum av byen.
Rueil-kasernene til den sveitsiske garden vart konstruert i 1756 under Louis XV av arkitekten Axel Guillaumot, og har vore rekna som eit historisk monument sidan 1973. Garden vart oppretta av Louis XIII i 1616 og massakrert ved Tuileries 10. august 1792.
Under den fransk-prøyssiske krigen i 1870 låg Rueil på frontlinja.
Mot slutten av 1800-talet var vidkjende målarar som Auguste Renoir, Edouard Manet og Claude Monet i byen for å måle Seinen, som renn gjennom byen.