Rosenfinkar
Rosenfinkar | |
Raudkronerosenfink, Carpodacus cassinii | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Underfamilie: | Carduelinae |
Slekt: | Rosenfinkar Carpodacus Kaup, 1829 |
Rosenfinkar er ca. 22 små, frøetande fugleartar som utgjer slekta Carpodacus i finkefamilien. Dei fleste Carpodacus-artane har 'rosefink' som fellesnamn på norsk, men det finst seks unntak. Som namna antyder, er ulike nyansar av raudt karakteristisk farge for fjørdrakta i denne gruppa. Rosenfinkar finst på heile den nordlege halvkula, men det største mangfaldet er i Asia. Arten rosenfink er hekkefugl i Noreg.
Dette er middels til store finkar, som vanlegvis har ein ganske sterk kjønnsdimorfisme. Hannane viser slåande fjørdrakt i karmin til vinraud farge eller mørk til ljos rosa tone. Hoer og ungfuglar har lite iaugefallande grå til brun fjørdrakt, med ljosare underside og slåande mørke striper. Det utvakse nebbet er kjegleforma inst og høgare enn breitt. Det er utforma for sprenging av harde frø. Dei runde naseborene er dekt med fjører. Den heller lange halen er v-forma eller rett avkutta. Songen er melodisk og består av fløytetonar.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Rosenfinkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
- Raudfink, Carpodacus rubescens Asia
- Mørkrosenfink, Carpodacus nipalensis Asia
- Rosenfink, Carpodacus erythrinus Europa, Asia
- Purpurfink, Carpodacus purpureus Nord-Amerika
- Raudkronerosenfink, Carpodacus cassinii Nord-Amerika
- Husrosenfink, Carpodacus mexicanus Nord-Amerika
- Ametystfink, Carpodacus pulcherrimus Asia
- Eosrosenfink, Carpodacus eos Asia
- Himalayarosenfink, Carpodacus rodochroa Asia
- Vinrosenfink, Carpodacus vinaceus Asia
- Brunrosenfink, Carpodacus edwardsii Asia
- Ørkenrosenfink, Carpodacus synoicus Midt-Austen, Asia
- Karminfink, Carpodacus roseus Asia
- Blodrosenfink, Carpodacus trifasciatus Asia
- Flekkvengrosenfink, Carpodacus rhodopeplus Asia
- Krattrosenfink, Carpodacus thura Asia
- Gulnebbrosenfink, Carpodacus roborowskii Asia
- Sinoberfink, Carpodacus rhodochlamys Asia
- Skrentrosenfink, Carpodacus rubicilloides Asia
- Fjellrosenfink, Carpodacus rubicilla Asia
- Rubinfink, Carpodacus puniceus Asia
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Karmingimpel (Gattung)» frå Wikipedia på tysk, den 2. desember 2010
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)