Romeo og Julie
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Romeo og Julie (engelsk Romeo and Juliet) er eit tragedieskodespel skrive av William Shakespeare, og er eit av dei best kjende skodespela hans. Stykket handlar om det kanskje mest kjende kjærleiksparet i verdslitteraturen og er kjent som eit meisterverk av både den akademiske eliten og det breie publikum.
Om Romeo og Julie
[endre | endre wikiteksten]Dikting eller sanning?
[endre | endre wikiteksten]Det har vore spekulert over om Romeo og Julie er basert på historiske personar frå byen Verona. Dei to viktigaste kjeldene til Shakespeare då han skreiv skodespelet, var Arthur Brooke sin høgsong frå 1562 og Matteo Bandello si novelle frå 1554. Arthur Brooke skreiv sjølv i innleiinga av høgsongen at Romeo og Julie var eit resultat av diktarleg fantasi. Men ein samtidig av Shakespeare, Girolamo della Corte, som var krønikeforfattar for byen Verona, var overtydd om at Romeo og Julie var historiske personar og sette tidspunktet då denne hendinga skjedde til året 1303 ut frå novella til Matteo Bandello, som igjen var bygd på ei forteljing av Luigi da Porto som har likskapar til dei andre Romeo og Julie-skriftene. Dette året var då Romeo og Julie døydde, etter Corte, og nemnde òg dei viktigaste husa frå desse historiene. Det har seinare synt seg at Corte har teke feil då Romeo og Julie er ein litterær konstruksjon og at Corte uttalte dette for å auke ryet til heimbyen.
Corte tok likevel ikkje heilt feil. Familenamna Montague og Capulet var baserte på dei italienske namna Montecchi og Cappelleti som blir nemnde i Portos kjelde og òg i Dante Alighieris «Den guddommelege komedie» frå byrjinga av 1300-talet, for i motsetnad til historiene, er desse namna namn på politiske parti som representerte nokre av dei konkurrerande politiske retningane på 1200- og 1300-talet i Nord- og Mellom-Italia. Det at desse blei til familienamn, skuldast at mange har feiltolka det eine verset i «Den guddommelege komedien» sidan Dante ikkje nemner at desse to namna var namn på to politiske parti. Difor kan ein sei at historia om Romeo og Julie basert på feiltolking og diktarleg fridom.
Skodespelet med mange ulike syn på kjærleik
[endre | endre wikiteksten]I skodespelet «Romeo og Julie», opptrer mange ulike syn på kjærleik som kjem til uttrykk gjennom mange sentrale hovudpersonar. Gjennom Romeo, får ein innblikk i to kjærleiksformar. Den eine er forelskinga som han viser til Rosalind og kjærleiken til Julie som blir samanlikna med Petrarca sin kjærleik til Laura. I kontrast til dette, finn ein Gregorios og Samson (to Capulet-tenarar) som ser på kvinna som eit reint sexobjekt for mannleg erobringstrong. Andre former for kjærleikssyn er Mercutios ironiske reduksjon av kjærleik til sex, amma til Julie sin jordnære fantasi om kjønnslivet og det til broder Lorenzo, som deler paret sitt syn der han framhevar at det er naudsynt å utvise forsiktig moderasjon i kjærleikslivet.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Skodespelet startar med Romeo Montague er djupt ulykkeleg forelska i ei kvinne (Rosalind), men ho blir gløymt når han ser Julie Capulet for første gong. Dette er kjærleik ved første blikk som kunne ha utvikla seg positivt dersom det ikkje var for at dei høyrde til kvar sin av dei to rivaliserande familiane i byen Verona. Dei bestemmer seg for å gifte seg i løynd i håp om å klare å sameine og forsone familiane saman og får støtte av sin einaste allierte (broder Lorenzo). Dei klarer dette, på eit vis.
Tolking
[endre | endre wikiteksten]Den mest kjend og kanskje den lettaste tolkinga av skodespelet er at William Shakespeare ville vise det galne med blodhemn og tvangsekteskap berre for vinne økonomiske og politiske fordeler. Han meinte nok at det var feil å ikkje bry seg om meiningane til ekteparet og tankar rundt ekteskapet som har blitt inngått. Shakespeare var sannsynleg ein tilhengjar av at ekteskap skal berre inngåast dersom ein mann og ei kvinne har kjensler for kvarandre, utan at familien deira skal vinne noko økonomiske og politiske fordelar. For å vise denne meininga, bruker han feiden mellom familien Montague og Capulert der sonen og dottera frå kvar familie forelska i kvarandre gifter seg i løynd og at denne ramma fører til dauden til paret og at ulykke blir påført dei to familiane. Men andre ord tvang fører berre til ulykke uansett om tanken rundt dette var å oppnå noko anna.
I Skandinavia
[endre | endre wikiteksten]I Danmark vart skodespelet framført så tidleg som 1828, ved Det Kgl.Teater.[1]
I Noreg blei skodespelet utgjeve første gong i 1930 på Some i Gunnar Reiss-Andersen si omsetting. Skodespelet har blitt både omsett og gjendikta fleire gonger. Av dei mest kjende er André Bjerke si utgåve på riksmål og Edvard Hoem si på nynorsk.
Shakespeare sine kjelder til Romeo og Julie
[endre | endre wikiteksten]- Hero and Leander, gresk myte.
- Pyramus and Thisbe, romersk myte.
- Floris and Blancheflour (1160).
- Tristan og Isolde (1235).
- Masuccio Salernitano: Mariotto and Gianozza of Siena (1476).
- Matteo Bandello: Giuletta e. Romeo (1554).
- Arthur Brooke: The Tragicall History of Romeus and Juliet (1562).
Roller
[endre | endre wikiteksten]- Escalus, fyrste av Verona
- Paris, ein ung adelsmann, slektning av fyrsten
- Montague, overhovud for familien Montegue
- Capulet, overhovud for familien Capulet
- Ein gammal mann av Capulet-slekta
- Romeo, son av Montague
- Mercutio, slektning av fyrsten og venn av Romeo
- Benvolio, brorson av Montague og venn av Romeo
- Tybalt, brorson av fru Capulet
- Bror Lorenzo, ein fransiskanarmunk
- Bror Johannes, ein fransiskanarmunk
- Baltasar, tenar for Romeo
- Samson, ein tenar for Capulet
- Gregorio, ein tenar for Capulet
- Peter, tenar for Capulet, hjelper amma til Julie
- Abraham, tenar for Montague
- Ein apotekar
- Fru Montague
- Fru Capulet
- Julie, dotter av Capulet
- Amma til Julie
Borgarar i Verona, slektningar av begge hus, maskeradegjester, vaktmenn og tenarar.
Film
[endre | endre wikiteksten]- George Cukor: Romeo and Juliet 1936. Leslie Howard som Romeo og Norma Shearer som Julie.
- Renato Castellani :Romeo and Juliet 1954. Laurence Harvey som Romeo og Susan Shentall som Julie.
- Franco Zeffirelli: Romeo and Juliet (1968). Leonard Whiting som Romeo og Olivia Hussey som Julie.
- Baz Luhrmann: Romeo + Juliet (1996). Leonardo DiCaprio som Romeo og Claire Danes som Julie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «William Shakespeare | Gyldendal - Den Store Danske», denstoredanske.dk (på dansk), henta 30. desember 2018
- Denne artikkelen byggjer på ei omsetjinga av «Romeo og Julie» frå Wikipedia på bokmål den 25. juni 2007
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Smidt et al. Romeo og Julie i Store norske leksikon.
- William Shakespeare (2000). Romeo og Julie. Oslo: Oktober. ISBN 8270949108. [Omsett av Edvard Hoem]
- William Shakespeare (1934). Romeo og Julia. Oslo: Det norske Samlaget. [Omsett av Henrik Rytter]
Originaltekst av Romeo og Julie ved Wikisource (en). |