Roman Sjukhevitsj
Roman Sjukhevitsj | |
Verkeleg namn | (ukrainsk Роман Йосипович Шухевич - Roman Josypovytsj Sjukhevytsj) |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 30. juni 1907 Krakovets |
Død | |
Yrke | motstandskjempar, militær, politikar |
Språk | ukrainsk |
Politisk parti | Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar, Ukrainian Military Organization, Organisasjonen av ukrainske nasjonalister (Bandera-bevegelsen) |
Religion | Kristne, Den gresk-katolske kirke |
Ektefelle | Natalia Berezynska-Shukhevych |
Roman Sjukhevitsj på Commons |
Roman Sjukhevitsj (17. juli 1907–5. mars 1950), også kjend under dekknamnet Taras Tsjuprynka, var ein ukrainsk politisk og militær leiar. Han leidde mellom anna opprørshæren UPA.
Sjukhevitsj var òg leiar i gruppa Nachtigall, ein bataljon av den tyske Wehrmacht som var bemanna av ukrainarar.
I oktober 1941 vart han nestkommanderande i den 201. bataljonen av Det ukrainske Hjelpepolitiet (kalla Schutzmannshaft av tyskarane), som frå mars 1942 deltok i operasjonar mot partisanane i Kviterussland.
Frå desember 1943 var han øvstkommanderande i UPA. Han døydde i kamp mot sovjetiske politistyrkar (MGB) i 1950.
Sjukhevitsj er ein omstridd person i Ukraina. Nokre ser på han som nasjonalhelt og fridomskjempar, medan andre reknar han som ein medhjelpar for fascistane i organisasjonar knytt til massakrar på polakkar og jødar.[1] I 2007 blei han utnemnd til ein Helt av Ukraina av president Viktor Jusjtsjenko. Etter fleire runder i rettssystemet blei tildelinga erklært ulovleg av høgsteretten i Ukraina, ettersom Sjukhevitsj aldri hadde vore statsborgar i landet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Roman Shukhevych» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2017.