René
Utsjånad
René eller Rene er eit personnamn danna som ei fransk form av det latinske Renatus, 'gjenfødd'. Namnet er mest brukt som mannsnamn, men kan også brukast av kvinner. Den franske kvinnelege forma av namnet er Renée. René har namnedag den 8. juni.
Renato og Renata er lengre italienske former av namnet. Renata har gjeve forma Renate.
I 2009 var det 792 menn og 18 kvinner i Noreg som heitte René eller Rene.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Menn
[endre | endre wikiteksten]- René I av Anjou (1409–1480), fransk koge
- René Descartes (1596–1650), fransk filosof og matematikar
- René Boylesve (1867-1926), fransk forfattar
- René Cassin, (1887-1976), fransk jurist og fredsprisvinnar
- René Magritte (1898–1967), belgisk surrealistisk målar
- René Lacoste (1904-1996), fransk tennisspelar, namnet bak merket Lacoste
- René Girard (f. 1923), fransk historikar og filosof
- René Goscinny (1926–1977), fransk teikneserieskapar
- René Depestre (f. 1926), haitisk forfattar
- René Préval (f. 1943), president på Haiti
- Rene Daalder (f. 1944), nederlands-amerikansk forfattar og regissør
- René Laanen (f. 1952), nederlandsk basstrombonist
- Odd Rene Andersen (f. 1968), norsk musikar
- Rene Naufahu (f. 1970), newzealandsk skodespelar
- René Adler (f. 1985), tysk fotballspelar
Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Rene Russo (f. 1954), USA-amerikansk modell og skodespelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «René» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for René hjå Statistisk Sentralbyrå