Regionen Valencia
Valencia | |||
Comunitat Valenciana Comunidad Valenciana | |||
region | |||
|
|||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Del av | Spania | ||
Hovudstad | Valencia | ||
Areal | 23 255 km² | ||
Type | Autonom region | ||
Folketal | 5 097 967 (1. januar 2022)[1] | ||
Postnummer | VC | ||
Regionen Valencia 39°30′N 0°45′W / 39.5°N 0.75°W | |||
Wikimedia Commons: Land of Valencia |
Valencia (valenciansk Comunitat Valenciana; spansk Comunidad Valenciana) er ein av sytten autonome regionar i Spania, sentralt og søraust i landet. Han er delt inn i tre provinsar, frå sør til nord: Alicante, Valencia og Castellón.
Han har ei 518 km lang kystlinje mot Middelhavet og eit samla areal på 23 259 km². Regionen hadde i 2008 like over fem millionar innbyggjarar. Grensene til regionen er omtrent som det historiske Kongedømet Valencia.
Dei offisielle språka i regionen er spansk og valenciansk.[2] Regionshovudstaden er byen Valencia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Dei indre områda av regionen er fjellområde og dei høgaste toppane i Valencia og provinsen Castellón dannar ein del av den iberiske fjellkjeda. Fjella i Alicanta er ein del av Baetic Cordillera. Regionen administrerer òg dei vesle Columbretesøyane og Tabarca ved kysten.
Det mest kjende fjellet i regionen er Penyagolosa, som mange trur er det høgaste fjellet her med ei høgd på 1813 moh. Fjelltoppen Calderón (1839 moh) i Rincón de Ademuz er derimot høgare.
Det heller smale området med særs frodige sletter dekkjer det meste av kysten, bortsett frå rundt Cabo de la Nao og Peñíscola i provinsen Castellón. Typisk for dette kystområde er våtmarksområde og myrland, som L'Albufera nær Valencia, El Fondó i Elche, Marjal nær Pego eller el Prat i Cabanes. Alle av desse er Ramsarstader og viktige område for både trekkfuglar og vassfuglar.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Valencia har eit generelt mildt klima som er kraftig påverka av Middelhavet. Det er likevel variasjonar i regionen.
- Middelhavsklima finn ein hovudsakleg langs kystsletta frå dei nordlegaste områda gjennom Benidorm-området. Om vinteren er vêret noko kjølig, men somrane er lange, tørre og varme. Mest nedbør kjem det om våren og hausten, totalt rundt 600 mm på eit år. I Marina Alta og La Safor like nord for Cabo la Nao-neset er likevel nedbørsmengdene normalt opp mot 1000 mm på eit år på grunn av orografisk heving.
- Middelhavs- til kontinentalklima finn ein i dei indre områda og i høgareliggande område nærare kysten. Her er vintrane kaldare (snø er ikkje uvanleg enkelte dagar), og somrane er milde til varme. Nedbøren i dette området er meir jamt fordelt utover året.
- Middelhavs- til halvtørt klima finn ein langs kystsletta frå Villajoyosa til dei sørlegaste områda av regionen. Somrane her er særs lange, varme og tørre, medan vintrane er kjølige til milde med særs lite nedbør, typisk mindre enn 300 mm på eit år. Årsaka til at området er så tørt er at det ligg i regnskuggen til åsane vest for Alicante.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Opphavet til dagens Valencia går tilbake til det tidlegare Kongedømet Valencia, som vart grunnlagd på 1200-talet. Jakob I av Aragon leia den kristne erobringa og koloniseringa av dei islamske taifaene med aragonesiske og katalanske folk i 1208 og grunnla Kongedømet Valencia som eit tredje sjølvstendig land innanfor kongemakta Aragon i 1238.
I 1707, som ein del av den spanske arvefølgjekrigen og etter Nueva Planta-resolusjonen, la kong Fhilip V av Spania Kongedømet Valencia og resten av landområda til den tidlegare kongemakta Aragon under seg, men området fekk halde på eit visst sjølvstyre. Bruken av valenciansk som offisielt språk vart då forbode.
Det første forsøket på å få autonomi til regionen Valencia i det moderne Spania var under Den andre spanske republikken i 1936, men den spanske borgarkrigen braut ut og det heile vart utsett. I 1977, etter at Franco-regimet enda, starta Valencia sjølvstyreprosessen igjen og i 1982 vart området ein autonom region.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Valencian Community» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: