Reagens og reaktant
Reagensmiddel (eller reagens) er stoff eller blandingar som ein bruker for å gi ein bestemt kjemisk reaksjon, eller for å sjå om ein reaksjon skjer, ofte med mål om å påvisa eit stoff (påvisningsreagens). Reagenset blir ofte oppløyst i væske (reagensløysning), gjerne i reagensrøyr, og kan sjølv vera i væskeform (reagensvæske).
Reaktantar kallar ein dei stoffa som blir forbrukte i reaksjonen. Sjølv om løysingsmiddel og katalysatorar deltek i kjemiske reaksjonar, blir dei vanlegvis ikkje rekna som reaktantar, fordi dei ikkje blir forbrukte.
I organisk kjemi bruker ein både organiske og uorganiske reagens, eller blandingar, for å gi ein bestemt reaksjon eller kjemisk transformasjon. Vanlege reagens har ofte namn etter dei som først beskreiv reaksjonen, som collinsreagens, fehlingreagens, fentonreagens, grignardreagens, millonreagens, schweizerreagens og tollensreagens.
I analytisk kjemi bruker ein analysereagens til påvisning av eit eller fleire stoff (f.eks. ved fargereaksjon), eller til å måle stoffkonsentrasjonen i løysninga (f.eks. ved kolorimetri).
I biokjemi blir reaktantane (f.eks. enzym) ofte kalla substrat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reagent» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2019.
- «reagens» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. november 2019.
- «reaktant» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 15. november 2019.