Hopp til innhald

Raúl Alfonsín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raúl Alfonsín

Fødd12. mars 1927
Chascomús
Død31. mars 2009 (82 år)
Statsborgar avArgentina
ReligionDen romersk-katolske kyrkja
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversidad de Buenos Aires
Universidad Nacional de La Plata
EktefelleMaría Lorenza Barreneche
BarnRicardo Alfonsín
VervArgentinsk president 1983–1989
FøregangarReynaldo Bignone
EtterfylgjarCarlos Menem
Alle verv
  • Argentinas president (1983–1989)
  • medlem av Argentinas deputertkammer (1963–1967)
  • medlem av Argentinas senat (2001–2002)
  • medlem av Argentinas senat (2001–2002) Sjå dette på Wikidata
Signatur

Raúl Ricardo Alfonsín (12. mars 192731. mars 2009) var ein argentinsk advokat, politikar og statsmann som var president i Argentina frå 10. desember 1983 til 8. juli 1989.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Alfonsín var fødd i Chascomús i Buenos Aires-provinsen. Han studerte jus ved Nasjonal-universitetet i La Plata og vart ferdig utdanna advokat ved Universitetet i Buenos Aires. Ved den tid melde han seg inn i det sosial-liberale sentrumspartiet (UCR). Då partiet vart splitta fylgde han fraksjonen leidd av Ricardo Balbín.

År 1958 vart Alfonsín vald inn i provins-forsamlinga i Buenos Aires-provinsen. Frå 1963, til statskuppet sommaren 1966, var han medlem av det argentinske parlamentet. Paramentsmedlem på ny 1973-76. Under Skitne-krigen, 1974-83, tok han avstand både frå juntastyret og dei som dreiv væpna kamp mot juntaen. Fleire gongar kom han då som parlamentsmedlem med framlegg om rettferd for ofra for hemmeleg fengsling. I tillegg fordømde han ugjerningar til militærdiktatur i andre land, og tok avstand frå begge dei stridande partane i Falklandskrigen.

Etter Balbín døydde i 1981, tok Alfonsín over leiarvervet i UCR. Ved presidentvalet i 1983 vann han 336 av dei 583 valmannsrøystene. Som president gjorde han framlegg i parlamentet om å oppheve den sjølvamnestilova militærstyret hadde vedteke i junta-tida. Etter lovvedtak i parlamentet, sette han ned ein nasjonal kommisjon som skulle undersøke praksisen med hemmeleg fengsling, og etterforske lovbrot som militære måtte ha gjort seg skuldig i. Kommisjons-funna førte til junta-rettssaka og straff av leiarar for det tidlegare regimet. Etter det såkalla Carapintadas-mytteriet i det militære i 1986, søkte Alfonsín å roe dei militære gjennom to lover som i praksis avslutta prosessane mot juntafolk.

I 1984 løyste Alfonsín den nær hundreårige såkalla Beagle-konflikten, grensedraginga mellom Argentina og Chile i sør. Handelen med grannelandet Brasil auka i hans presidenttid, og den fyrste skilsmisselova i Argentina vart vedteken. Gjennom presidentperioden låg han jamnt i konflikt med fagforeiningane, som var kontrollerte av det leiande opposisjonspartiet, Justispartiet. Planar og tiltak som var meint å skulle betre den nasjonale økonomien, slo feil. I staden forverra dei den allereie høge inflasjonen, noko som resulterte i bråk og oppstyr mellom folk.

Etter presidentåra

[endre | endre wikiteksten]

Alfonsín stilte ikkje til attval i 1989, og presidentkandidaten til UCR tapte valet. Sjølv heldt han fram som leiar av UCR til 1991, noko han også var i toårsbolkane 1993-95 og 1999-2001. I 1993 tok han initiativet til Olivos-avtalen med dåverande president Carlos Menem, ein avtale som som la grunnen til at delar av den argentinske grunnlova vart endra i 1994. Partifellen Fernando de la Rúa i UCR var mot Olivos-avtalen og var partileiar og frå 1999 president i Argentina. Han trekte seg frå posisjonen allereie i desember 2001, då folk var i opprør. Ein parlamentsfraksjon i UCR, med Alfonsín i spissen, valde då å støtte utpeikinga av peronisten Eduardo Duhalde til ny argentinsk president.

Alfonsín døydde av lungekreft i 2009, og fekk ei stor statsgravferd.