Hopp til innhald

RMS «Aquitania»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RMS «Aquitania»

The RMS Aquitania on her Maiden Voyage in 1914 in New York Harbor
Karriere
Type: linjeskip, dampskip, Hospitalskip, passasjerskip
Eigar:

1914–1934: Cunard Line[1]
1934–1948: Cunard White Star Line

1948-1950 Cunard Line
Registreringshamn: Liverpol i Storbritannia
Rute:

Southampton-New York (1914-1945)

Southampton-Halifax (1945-1950)
Bestilt: 8. desember 1910[1]
Byggherre: John Brown & Company, Clydebank, Scotland[1]
Verft: John Brown & Company
Verftsnummer: 409[2]
Byggjenummer: 409
Sjøsett: 21. april 1913[1]
Døypt: 21. april 1913 av Alice Stanley, hertuginne av Derby
Jomfrutur: 30. mai 1914[1]
I teneste: 1914
Ute av teneste: 1950
Lagnad: Skrapa i Faslane i Skottland i 1950.[1]
Identifisering: IMO-nummer: 1135583
Generelle eigenskapar
Djupgang: 10,21 meter
Fart: 23 knop
Mannskap: 972[1]

RMS «Aquitania» var eit linjeskip som tilhøyrde Cunard Line og verka frå 1914 til 1950. Skipet blei utforma av Leonard Peskett og bygd av John Brown & Company i Clydebank i Skottland. Skipet overlevde to verdskrigar, der det blei brukt til militære føremål, og tente som passasjerskip i fredstid. Det var det tredje av ein «grand trio» raske linjeskip saman med RMS «Mauretania» og RMS «Lusitania», og var kjend som eit særs vakkert skip i samtida, med kallenamnet «Ship Beautiful».[3]

Brukstida på 36 år var ein rekord for eit ekspresslinjeskip som først blei slått i 2004 då RMS «Queen Elizabeth 2» (som til saman tente i 40 år) fekk ei lengre brukstid.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 MaritimeQuest: Aquitania's data
  2. «HMS Aquitania». Clydebuilt Ships Database. Arkivert frå originalen 14. juli 2014. Henta February 2010. 
  3. The Great Ocean Liners: Aquitania, arkivert frå originalen 7. august 2009, henta 13. juli 2014 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]