Providenija
Providenija Провидения | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Tsjukotka | |
Grunnlagd Bystatus |
1946 1957 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2018) |
2 151 | |
Koordinatar | 64°25′43″N 173°13′02″E / 64.42861°N 173.21722°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
PETT (UTC+12) PETST (UTC+12) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 689251 | |
Retningsnummer (tlf) | 427 37 |
Providenija (russisk Провиде́ния) er ein bymessig busetjing i Providenijabukta i den nordaustlege delen av den autonome regionen Tsjukotka i Russland. Den ligg direkte over Beringstredet frå Alaska, og svært nær den internasjonale datolinja. Like ved byen ligg Providenijabukta lufthamn, som er den russiske lufthamna som ligg nærast USA. Innbyggjartalet var 2 723 ved folketeljinga i 2002, og 5 432 ved folketeljinga i 1989.
Busetjinga var ei tidlegare sovjetisk militærhamn, som låg i ein fjord verna frå Beringhavet. Mesteparten av innbyggjarane i byen i dag er Sibirsk yupik, ei eskimostamme.
Providenija har eit arktisk klima, men vinterene er ikkje så strenge, på grunn av plasseringa i byen ved kysten.
Byen vert av og til kalla Porten til Arktis, og etter Sovjetunionens fall har turisme frå det nærliggande Alaska gjeve lokaløkonomien eit løft. Bering Air, eit flyselskap frå Alaska, tilbyr charterturar til Providenijabukta lufthamn frå både Nome og Anchorage. Alaska Airlines hadde tidlegare regelmessige ruteflyvninger til Providenijabukta lufthamn på 1990-talet, og var kjent for «Vennskapsflyvningen» i 1988, då det var det første amerikanske flyselskapet med rute til ein sovjetisk by.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Providenija» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.