Hopp til innhald

Prehnitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prehnitt

Prehnitt
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelCa2Al(AlSi3O10)(OH)2
Strunz-klassifisering09.DP.20 (Inosilikat transitional til phyllosilikat)
Dana-klassifisering72.1.3.1 (Fylosilikat)
Identifikasjon
Fargefargelaus til grå til gul, gul-grøn eller kvit
KrystallformKuleforma, nyreforma til stalkittisk
KrystallsystemOrtorombisk - Pyramideforma (mm2)
TvillingFine lamellert
Kløyvtydeleg på [001]
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala6 - 6.5
Glansglasaktig - perleaktig
TransparensSemi-Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.8 - 2.95
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.611 - 1.632 nβ = 1.615 - 1.642 nγ = 1.632 - 1.665
Dobbeltbrytingδ = 0.021 - 0.033
Dispersjon (spreiing)svak r > v
Ultrafiolett fluorescensFluorescerande, kortbølgja UV-stråling = blåkvit, mild fersken, langbølgja UV=gul.
Kjelder[1][2][3][4]

Prehnitt er eit bleikgrønt mineral som finst i holrom og på sprekker i ei rekkje bergartar, danna hydrotermalt. Det finst ofte saman med zeolittar . Det krystalliserer rombisk og er eit silikat av kalsium og aluminium med formel Ca2Al2Si3O10(OH)2. Prehnitt er eit særs utbreitt mineral som er funne ei rekkje stader i Noreg.

Det vart først skildra i 1788 etter ein førekomst i Karoo-doleritt i Cradock i Eastern Cape-provinsen i Sør-Afrika.[2] Det vart kalla opp etter oberst Hendrik Von Prehn (1733–1785), som var kommandant for ein nederlandsk koloni ved Kapp det gode håp frå 1768 til 1780.[2]

  1. http://webmineral.com/data/Prehnite.shtml Webmineral data
  2. 2,0 2,1 2,2 http://www.mindat.org/min-3277.html Mindat
  3. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
  4. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/prehnite.pdf Handbook of Mineralogi
  • Prehnitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Prehnitt