Podunavlje
Podunavlje (serbisk Подунавље) er namnet på tilsigsområdet til Donau i Serbia (Vojvodina og Sentral-Serbia) og Kroatia (Slavonia, Srijem og Baranja).
Historie
[endre | endre wikiteksten]På den første halvdelen av 1700-talet låg grenseområdet Sava-Donau for Habsburg i området.

Mellom 1922 og 1929 var Podunavlje oblast ein av dei administrative einingane i Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Det inkluderte delar av regionane Šumadija og Banat og setet låg i Smederevo. Mellom 1929 og 1941 var han ein av provinsane i Kongedømet Jugoslavia og vart kalla Donau Banovina. Provinsen bestod av dei geografiske regionane Syrmia, Bačka, Banat, Baranja, Šumadija og Braničevo. Hovudstaden i Donau Banovina var Novi Sad. I 1941, under den andre verdskrigen , okkuperte aksemaktene provinsen. Bačka og Baranja vart ein del av Ungarn ,medan Syrmia vart ein del av Den sjølvstendige staten Kroatia. Resten av provinsen vart ein del av det tysk-okkuperte Serbia mellom 1941 og 1944 med hovudstad i Smederevo. I dag er Smederevo setet for Podunavlje distrikt i Serbia.
Mellom 1980 og 1989 var Podunavlje namnet på ein av dei sju tidlegare kommunane i Novi Sad i Serbia.
Byar i Podunavlje
[endre | endre wikiteksten]Serbia:
- Apatin
- Bačka Palanka
- Beočin
- Futog
- Veternik
- Novi Sad, hovudstaden i Vojvodina
- Sremska Kamenica
- Petrovaradin
- Sremski Karlovci
- Zemun
- Beograd, hovudstaden i Serbia
- Pančevo
- Smederevo
- Kovin
- Kostolac
- Veliko Gradište
- Kladovo
Byar i Kroatia:
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tabula Traiana nær Kladovo
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Podunavlje» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2009.