Pirin nasjonalpark
Pirin nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Pirin nasjonalpark 41°40′20″N 23°29′16″E / 41.672222222222°N 23.487777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Pirin National Park |
Pirin nasjonalpark (bulgarsk Национален парк „Пирин“) ligg i Pirinfjella i Blagoevgrad oblast i Bulgaria. Naturparken omfattar ca. 400 000 dekar og ligg mellom 1 008 og 2 914 meter over havet med Vihren som den høgaste fjelltoppen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Vihren nasjonalpark blei skipa i 1962 og gitt namnet Pirin folkepark i 1974. Parkadministrasjonen blei lagt til Bansko i 1979. Frå 1983 er området oppført på UNESCO si liste over verdsarv.
Parken
[endre | endre wikiteksten]I fjella finst det 176 eksplosjonskrater som blir fylte av vatn under snøsmeltinga og blir sjøar. Meir enn 80 % av området er dekt av skog og her finst m.a. svartfuru. Det 1 300 år gamle treet Bajkuschewa Mura er eit av verdas eldste.
Totalt finst det 1 315 karplantar, ein tredel av floraen i Bulgaria. 86 av dei er endemiske artar for Balkan, 17 bulgarske endemiske artar og 18 lokale endemiske artar.[1]
Faunaen omfattar 45 pattedyr inkludert bjørn, ulv og mår, og 159 fugleslag. I Pirin finst det også åtte typar amfibium, elleve reptilslag og seks fiskeslag.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Innsjøen Gorno Vasilasjko
-
Bajkuschewa Mura, det eldste treet i Bulgaria.
-
Vihren, den høgaste toppen på 2 914 moh.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pirin nasjonalpark» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2024.