Pinsett
Pinsett (frå fransk pincette, diminutiv av pince, 'tong, klype')[1] er ei lita klype med fjørande armar.[2] Endane av armane kan vera flate eller spisse.[3] Reiskapen vert nytta til å gripe med, slik at ein kan plukke opp små objekt som fingrane elles ikkje klarar å få tak i, å ta tak i ting som ein ikkje skal setje fingermerke på, som til dømes verdfulle frimerke til frimerkesamlingar, eller for gripe objekt som er for varme, eller på annan måte ikkje er til å ta i med fingrane.
Pinsettar vert laga av stål, plast eller anna høveleg materiale. Dei er i prinsippet utforma som ei gripeflate i eine enden av kvar av to parallelle stenger som er festa til kvarandre i den andre enden. Festet er fjørande på ein måte som gjer at gripeflatene på pinsetten ikkje klemmer mot kvarandre utan at ein presser pinsetten saman med fingrane.
Pinsettar vert laga i ulike former og storleikar etter kva dei skal nyttast til. Dei kan vere små reiskapar til å nappe ut uønskte hår og augebryn med, for å plukke opp små skruar med og så bortetter, eller kan vere større reiskapar nytta i matlaging for å nappe ut bein av fiskefiletar eller for vende kjøtstykka i steikepanna eller på grillen. Lækjarar og tannlækjarar nyttar òg pinsettar av ymse utformingar og storleikar i arbeidet med pasientane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pinsett» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «pinsett» i Nynorskordboka.
- ↑ «pinsett» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger i utgangspunktet på «Pinsett» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.