Hopp til innhald

Pikritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oseanitt frå Piton de la Fournaise på øya Réunion.

Pikritt er eit fellesnamn på mørke, tunge magmabergartar som hovudsakleg består av olivin saman med andre jernmagnesium-mineral. Døme på pikrittiske (det vil seie olivinrike) bergartar er oseanitt og peridotitt.