Piero Sraffa
Piero Sraffa | |||
Fødd | 5. august 1898 Torino | ||
---|---|---|---|
Død | 3. september 1983 Cambridge | ||
Nasjonalitet | Italia, Kongedømet Italia | ||
Yrke | samfunnsøkonom, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Cambridge Università degli Studi di Perugia | ||
Alma mater | London School of Economics Universitetet i Torino |
Piero Sraffa (5. august 1898–3. september 1983) var ein italiensk økonom og elev av John Maynard Keynes.
Sraffa er kjent for å ha redigert arbeidet til David Ricardo. Sjølv publiserte han uhyre lite. Det mest kjende verket hans er den rundt 90 sider lange Production of Commodities by means of Commodities, Prelude to a critique of economic theory, som vart utgjeven i 1960, men skriven allereie på 1920-talet. Boka er ein modernisert versjon av Ricardo sine tankar, og representerer ein kraftig kritikk av den marginalistiske økonomiske teorien. I Noreg vart Sraffa kraftig imøtegått av Jørgen Sandemose i boka Ricardo, Marx og Sraffa : kritikk av den nyricardianske retningen i moderne økonomisk teori.[1]
Sraffa markerte seg òg som ein markant motstandar av Mussolinis fascistiske regime, og dreiv blant anna stønadsarbeid for den fengsla kommunistleiaren Antonio Gramsci.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1976.