Partiet polske ølvener
Partiet polske ølvener | |||
| |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1990 | ||
Nedlagt | 1993 | ||
Hovudkvarter | Warszawa | ||
Politisk posisjon | høgresida | ||
Slagord | Jak wypić to piwo? |
Partiet polske ølvenar (polsk Polska Partia Przyjaciół Piwa, PPPP) vart grunnlagt i 1990 av mellom anna satirikaren Janusz Rewiński. Opphavleg var målet med partiet å lyfte fram den kulturelt tufta engelske øl-kulturen for å hindre alkoholisme gjennom storstilt bruk av vodka.[1]
Det humoristiske namnet og rådløysa rundt den brå omforminga av det polske samfunnet tidleg på 1990-talet førte til at fleire polakkar stemde på partiet, og under valet i 1991 fekk PPPP 16 sete i det polske parlamentet (Sejm).
Etterkvart vart fraksjonane tydelege, og då særs fraksjonane for mørkt og lyst øl. Det hende trass i at Rewiński ved fleire høve slo fast at «øl er korkje lyst eller mørkt. Det er smakfult.» PPPP vart til slutt oppløyst i 1993,[2] men nokre av medlemmane heldt fram i politikken og gjekk inn i meir seriøse parti før neste val.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Rozmowy - Janusz Rewiński - Lepiej nie będzie, ale weselej" (Interview - Janusz Rewiński - it won't be better, but funnier) (på polsk) Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine., henta 6. oktober 2007.
- ↑ Mika Rissanen. «Scouting for the parliament». Down Beer Street. Souvenir Press. Henta 19. mars 2018.