Parinacota
Utsjånad
Parinacota | |||
fjell | |||
Land | Bolivia, Chile | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Andes | ||
Høgd | 6 348 moh. | ||
Koordinatar | 18°17′S 69°15′W / 18.283°S 69.250°W | ||
Parinacota 18°09′57″S 69°08′30″W / 18.165752777778°S 69.141611111111°W | |||
Wikimedia Commons: Parinacota |
Parinacota er ein massiv, 6 348 moh/ høg stratovulkan på grensa mellom Arica og Parinacota-regionen lengst nord i Chile mot Bolivia. Vulkanen er del av vulkangruppa Nevados de Payachata. Ein annan stor vulkan i området er Pomerape.
Det siste utbrotet til Parinacota fann stad for i kring 1 700 år sidan. Eitt av dei mest dramatiske utbrota hende for cirka 8 000 år sidan då ein stor kollaps i vulkanen skapte ein lavine med 6 km³ lausmasse av det som ein gong var del av vulkanen. Steinane i lavinen stoppa flaumen av masse, og skapte innsjøen Chungará.
Parinacota og Pomerape ligg mellom Sajama nasjonalpark i Bolivia og Lauca nasjonalpark i Chile.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Parinacota» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2012.