Paramaribo
Paramaribo | |||
hovudstad | |||
Utsyn over Paramaribo frå byrjinga av 1900-talet.
| |||
Land | Surinam | ||
---|---|---|---|
Areal | 182 km² | ||
Folketal | 223 757 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1630 | ||
Paramaribo 5°52′00″N 55°10′00″W / 5.8666666666667°N 55.166666666667°W | |||
Paramaribo i Surinam.
| |||
Wikimedia Commons: Paramaribo |
Paramaribo er hovudstaden i Surinam i Sør-Amerika. Han har rundt 250 000 innbyggjarar. Det historiske sentrumet av byen er ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Paramaribo ligg rundt 15 km innanfor munningen av elva Surinam i Atlanterhavet. Byen er eit transportsentrum med hamn og jernbaneendepunkt, og er det økonomiske sentrumet i Surinam med størstedelen av industriproduksjonen i landet, mellom anna aluminiumverk, tre-, tekstil-, nærings- og nytelsesmiddelindustri.
Paramaribo har botanisk hage, ei gammal festning og ein del bevart koloniarkitektur, mellom anna presidentpalasset. Domkyrkja i byen frå 1885 er rekna som den største trebygningen i Amerika. Byen har også den største moskeen i Karibia, hindutempel og fleire synagogar. I 2002 blei den historiske bykjerna ført opp på UNESCO si liste over verdsarv.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Paramaribo blei grunnlagd av britar i 1630. I 1651 blei han hovudstad i den britiske kolonien Suriname. Kolonien og byen kom på nederlandske hender i 1816. Det var bybrannar i Paramaribo i 1821 og 1832. Universitetet i byen blei grunnlagd i 1968. I 1975 blei Paramaribo hovudstad i det sjølvstendige Surinam.
Innbyggjarane i Paramaribo er hovudsakleg av afrikansk, indiansk, indisk, javanesisk, kinesisk og nederlandsk opphav.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Paramaribo» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Paramaribo» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2011.