Hopp til innhald

Panaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panaro
elv
Bridge i Olina
Land  Italia
Nedslagsfelt 2 292 km²
Lengd 148 km
Middelvassføring 37 /s
Kjelde Monte Rondinaio
 •  høgd 1 600 moh.
Munning Po nær Ferrara
Kart
Panaro
44°55′34″N 11°25′32″E / 44.9261°N 11.4256°E / 44.9261; 11.4256
Wikimedia Commons: Panaro River

Panaro er ei elv i Emilia-Romagna i Italia og ei av side siste sidelvane til Po frå høgre, om ein ser bort i frå kanalen Cavo Napoleonico. Elva renn nordaustover gjennom heile Emilia-Romagna frå kjelda nær vasskiljet i Appenninane og grensa til Toscana til munningen i Po ved grensa til Veneto.

Panaro er 148 km lang med eit nedslagsfelt på 2 292 km².

Hovudkjelda til elva er Rio delle Tagliole ved Foce a Giovo i Monte Rondinaio, om lag 12 km sørvest for den høgaste toppen i Toscana og Emilia-Romagna, Monte Cimone (2 165 m). Ved Pievepelago (i provinsen Modena) endra ho namn til Scoltenna. Nær Modena møter ho Naviglio de Modena og vert framkommeleg fram til munningen i Po, like vest for Ferrara. Ho renn gjennom Vignola, Finale Emilia og Bondeno.

Ved Olina går det ei bru over elva som vart bygd i 1522. Ho ligg i kommunen Pavullo nel Frignano.