Hopp til innhald

Palencia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palencia
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Castilla y León
Provins Palencia
Høgd 749 m
Areal 94,71 km²
Folketal 76 738 (2024)
Postnummer 34001–34006
Retningsnummer 979
Kart
Palencia
42°01′00″N 4°32′00″W / 42.016666666667°N 4.5333333333333°W / 42.016666666667; -4.5333333333333
Wikimedia Commons: Palencia

Palencia er ein by sør for Tierra de Campos, nordvest i Spania, og provinshovudstad i provinsen Palencia i den autonome regionen Castilla y León. Byen har kring 80 000 innbyggjarar.

Palensia har eit få, men merkverdige historiske attraksjonar. Den romerske brua over Carrión vart erstatta av ei ny bru i mellomalderen med tre bogar. Det er framleis spor etter den over 10 meter høge bymuren. Den gotiske katedralen bygd frå 1321 til 1504 står over ein vestgotisk krypt.

Palencia-katedralen.

Palencia var opphavleg ein keltiberisk festning kalla Pallantia av romarane, eit namn som kanskje kjem av den keltiske rota pala, som tyder «slette». Byen vart omleira på 100-talet fvt. og innlemma i den romerske provinsen Hispania Tarraconensis. Etter Romarriket fall vart byen nesten jamna med jorda i 457 under ein krig mellom vestgotarar og suevar. Det katolske bispedømet Palencia vart grunnlagd på 200-talet eller tidlegare og biskopane hadde setet sitt her.

Då maurarane kom tidleg på 700-talet var det lite motstand hos biskopane som styrte området. Under arabarane var Palencia ein uviktig by og vart berre nemnd ein gong av dei mauriske forfattarane. El Cid gifta seg med si Ximena i Palencia i 1074 etter at området vart gjenerobra tidleg på 1000-talet.

Like sør for byen, i landsbyen Baños de Cerrato, ligg den eldste kyrkja på Den iberiske halvøya, ein basilika frå 600-talet, bygd av den vestgotiske kong Reccaswinth (døydde i 672).

Panoramabilete av Palencia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Palencia