Paldiski
Paldiski | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Harju maakond | ||
Areal | 59,93 km² | ||
Folketal | 4 073 (1. januar 2024)[1] | ||
![]() Paldiski 59°21′N 24°03′E / 59.35°N 24.05°E | |||
Wikimedia Commons: Paldiski |
Paldiski er ein hamneby ved Austersjøen i Estland. Han ligg på Pakrihalvøya nordvest i landet. Opphavleg var han ein svensk busetnad kalla Rågervik, og vart ein russisk marinebase på 1700-talet. Russarane kalla staden Балтийский Порт eller Baltijskij Port, som tyder «Austersjøhamna» i 1762, og den estiske uttalen Paldiski vart det offisielle namnet i 1933.
Sovjettida
[endre | endre wikiteksten]![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e5/Paldiski_abandoned_military_buildings.jpg/170px-Paldiski_abandoned_military_buildings.jpg)
I 1962 vart Paldiski eit treningssenter for atomubåtar i den sovjetiske marinen. Med to landbaserte atomreaktorar og 16 000 tilsette, var han ein av dei største anlegga av sitt slag i Sovjetunionen. På grunn av dette var heile staden ein lukka by med piggtrådgjerde rundt fram til det siste russiske krigsskipet forlét hamna i august 1994. Russland gav frå seg kontrollen over anlegget i september 1995.
Nyare tid
[endre | endre wikiteksten]Etter Estland fekk sjølvstendet sitt, hadde ikkje byen nok estiske innbyggjarar, og Paldiski vart underlagt Keila fram til 30. oktober 1996. Han ligg 45 km vest for Tallinn og er i dag ein eigen kommune med fast ferjesamband til Kapellskär i Sverige (operert av Tallink). Tomme sovjetiske bustadblokker utgjer store delar av byen, og restane etter militærbasane finst over store område.
![]() |
Anlegget i dag
[endre | endre wikiteksten]I dag har byen berre om lag 4000 innbyggjarar. Fram til nyleg var det berre eit lite hotell i byen, medan det no er to daglegvareforretningar, ei alkoholsjappe, ein bank og ei kro.
Paldiski er endestasjon på jernbanelinja Elektriraudtee, som går inn til hovudstaden.
Kjende folk frå Paldiski
[endre | endre wikiteksten]- Amandus Adamson (1855–1929), kunstnar
- Balder Tomasberg (1897–1919), kunstnar
- Viire Valdma (f. 1960), skodespelar ational hero
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Paldiski på Pakrihalvøya
-
St. Sergius ortodokse kyrkje
-
St. Nikolas lutheranske kyrkje
-
Tuulegata
-
Den nordlege hamna
-
Paldiski jernbanestasjon i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://andmed.stat.ee/en/stat/rahvastik__rahvastikunaitajad-ja-koosseis__rahvaarv-ja-rahvastiku-koosseis/RV0240; vitjingsdato: 3. juli 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Paldiski» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.