Hopp til innhald

Paderno Dugnano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paderno Dugnano
by
Våpenskjold
Land  Italia
Provins Milano
Areal 14,11 km²
Folketal 47 118 (1. januar 2023)[1]
Kart
Paderno Dugnano
45°34′19″N 9°10′09″E / 45.571944444444°N 9.1691666666667°E / 45.571944444444; 9.1691666666667
Wikimedia Commons: Paderno Dugnano

Paderno Dugnano er ein by og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har i kring 47 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 14,1 km². Paderno Dugnano ligg inntil provinshovudstaden Milano, nord for storbyen. Til sentrum av Milano er det om lag 15 kilometer.

I romartida låg Paderno langs Via Mediolanum-Bellasium, romarvegen mellom Mediolanum (Milano) og Bellasium (Bellagio). Landsbyen grensa mot Cusano i sør og Dugnano i nord. I 1862 tok han det offisielle namnet «Paderno Milanese» for å skilja seg frå andre stader med same namn.[2]

Etter sameininga av Italia blei administrative område i landet omorganisert, og etter det kongelege dekretet av 17. mars 1869 blei Paderno Milanese slått saman med Dugnano, Incirano, Cassina Amata og Palazzolo Milanese. Val av namn på den nye kommunen var vanskeleg, og diktaren Alessandro Manzoni sitt forslag «Padergnano» fekk ikkje stor støtt. che tuttavia fu poco apprezzata. I 1880 vedtok kommunerådet namnet «Borgosole», men også dette vekte misnøye, og blei avskaffa etter ein petisjon. Fyrst den 1. februar 1886, etter eit kongeleg dekret, fekk kommunen namnet «Paderno Dugnano».[3]

Paderno Dugnano fekk status som by (città) i 1989.[4]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.
  2. Regio Decreto 14 dicembre 1862, n. 1054.
  3. Regio Decreto 7 gennaio 1886, n. 3630.
  4. «Paderno Dugnano». Archivio Centrale dello Stato. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Paderno Dugnano