Ove Arbo Høeg
Ove Arbo Høeg | |||
| |||
Fødd | 25. november 1898 Larvik | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juli 1993 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | paleobotanikk, etnobotanikk, lav, botanikk, algar, mykologi, pollinering, biogeografi | ||
Yrke | paleobotaniker, botanikar, professor, lichenolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Vitskapsmuseet Paleontologisk museum Botanisk hage i Oslo Birbal Sahni Institute of Palaeobotany | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Ove Fredrik Arbo Høeg (fødd 25. november 1898 i Larvik, død 7. juli 1993) var ein norsk botanikar. Han tok tok examen artium 1917 og vart cand.real. ved Universitetet i Kristiania 1923. I tillegg til biologi studerte han historisk geologi med paleontologi. Plantefosilar vart eit av hovudfelta hans. Han vart dr.philos i 1942 på avhandlinga The Downtonian and Devonian flora of Spitsbergen.
Frå 1923-1925 var Høeg konservator ved Paleontologisk museum i Oslo. 1926–47 arbeidde han ved dei botaniske samlingane ved Videnskapsselskapets museum i Trondheim. 1947-1967 var han professor i botanikk ved Universitetet i Oslo. 1958-1967 verka han som styrar for Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo. At han utmerkte seg som paleobotanikar, gjorde at han vart leiar for oppbygging av, Birbal Sahni Institute of Palaeobotany, eit forskningsinstitutt i Lakhnaui India. Han arbeidde i tre år med dette UNESCO prosjektet.
Ove Arbo Høeg arbeidde mykje med etnobotanikk. I 1974 gav han ut Planter og tradisjon, ei bok om folkeleg bruk av norske planter. Høeg var i mange år redaktør for Blyttia, tidsskrift for Norsk Botanisk Foreining.
Han var æresmedlem i Norges Naturvernforbund, Norsk Botanisk Foreining og International Organization of Palaeobotany.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ove Arbo Høeg» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2012.
- Ove Arbo Høeg – i Norsk biografisk leksikon
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Ove Arbo Høeg i BIBSYS