Octave
Octave Studioalbum av The Moody Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. juni 1978 | |
Innspelt | Oktober 1977 – april 1978 | |
Studio | The Record Plant i Los Angeles og Indigo Ranch Recording Studios i Malibu | |
Sjanger | Rock, pop, progressiv rock | |
Lengd | 46:08 | |
Selskap | Decca (Storbritannia) London (USA) | |
Produsent | Tony Clarke | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
Caught Live + 5 (1977) |
Octave | Long Distance Voyager (1981)
|
Singlar frå Octave | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (negativ)[2] |
Octave er det niande albumet til The Moody Blues, og det første albumet etter ein lengre pause etter Seventh Sojourn i 1972. Albumet kom ut i 1978. Albumet var det siste med tangentspelaren Mike Pinder, som forlet gruppa under innspelinga, og ikkje ønskte å turnere med bandet. Pinder hadde nettopp slått seg ned i California med familien sin, og meinte at han ikkje gjekk så godt i lag med bandkameratane lenger. Justin Hayward og John Lodge måtte derfor spele dei gjenverande tangent-delane sjølve, og Pinder vart erstatta av den tidlegare Yes-keyboardisten Patrick Moraz for turneen deira i 1979.
Octave vart rekna som stilmessig annleis enn dei førre Moody Blues-albuma, hovudsakleg fordi dei nytta lounge-liknande orgel og synthesizerar i staden for mellotron og chamberlin. Verkelege strykarar vart nytta på tre songar.
Etter ein lengre pause, kom Octave ut då punk og disco hadde starta, og albumet selde ikkje like bra som føregåande album av bandet, men nådde likevel sjetteplassen i Storbritannia og selde til platina i USA, der det nådde 13. plass. Albumet inneheldt hitsingelen «Steppin' in a Slide Zone», som nådde 39. plass i USA, i tillegg til «Driftwood», som hadde mindre suksess.
I november 2008 vart albumet nymastra og gjeve ut på CD med fem konsertopptak som bonusspor.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Steppin' in a Slide Zone» | John Lodge | 5:29 |
2. | «Under Moonshine» | Ray Thomas | 5:00 |
3. | «Had to Fall in Love» | Justin Hayward | 3:42 |
4. | «I'll Be Level With You» | Graeme Edge | 3:48 |
5. | «Driftwood» | Hayward | 5:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Top Rank Suite» | Hayward | 3:42 |
7. | «I'm Your Man» | Thomas | 4:21 |
8. | «Survival» | Lodge | 4:09 |
9. | «One Step Into the Light» | Mike Pinder | 4:29 |
10. | «The Day We Meet Again» | Hayward | 6:19 |
Bonusspor
[endre | endre wikiteksten]- "Steppin' in a Slide Zone (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Lodge) - 4:57
- "I'm Your Man (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Thomas) - 4:51
- "Top Rank Suite (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Hayward) - 4:28
- "Driftwood (Live In Seattle 25 mai 1979)" (Hayward) - 5:02
- "The Day We Meet Again (Live In Houston 12/07/78)" (Hayward) - 7:16
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Justin Hayward - vokal, gitar, tangentinstrument
- John Lodge - vokal, bass, tangentinstrument
- Ray Thomas - vokal, fløyte, munnspel, tamburin
- Graeme Edge - trommer, perkusjon, vokal
- Mike Pinder - vokal, organ, synthesiser
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- R.A. Martin - horn, saksofonar
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album-Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Billboard 200 | 13 |
UK Albums Chart | 6 |
Singlar - Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1978 | «Steppin' In a Slide Zone» | Billboard Hot 100 | 39 |
«Driftwood» | Billboard Hot 100 | 59 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Octave (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. «Octave - The Moody Blues | AllMusic». Allmusic. Henta 6. september 2019.
- ↑ Holden, Stephen (7. september 1978). «The Moody Blues: Octave : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. juni 2008. Henta 6. september 2019.