OK
Utsjånad
- Sjå òg delstaten Oklahoma i USA.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6f/Maresias_%285199329752%29.jpg/220px-Maresias_%285199329752%29.jpg)
OK eller ok er eit ord som uttrykkjer semje, godkjenning eller aksept, at noko er i orden. Opphavleg var dette eit amerikansk-engelsk slanguttrykk, kanskje ei forkorting for oll eller orl korrect, ein skjemtande stavemåte av all correct.[1][2]
Ordet vart teke opp i populær bruk frå midten av 1800-talet, og seinare på ei rekkje språk over heile verda.[3]