Hopp til innhald

Nukleinsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk framstilling av nukleinsyrene RNA og DNA.

Nukleinsyrer er ein type polymerar som er biomolekyl, det vil seia at dei finst i organismar. Dei er makromolekyl som er spesialiserte til å lagra, overføra og bruke genetisk informasjon, og omfattar deoksyribonukleinsyre - DNA - og ribonukleinsyre - RNA.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]

Ei nukleinsyre er bygd opp av nukleotidar som består av ein pentose, ein organisk base og ei fosfatgruppe. Ryggen på ei nukleinsyre består av ei binding mellom ei fosfatgruppe og neste pentose. Denne bindinga er ei fosfodiesterbinding, og denne skjer mellom det 5. karbonatomet i ein pentose og det 3. karbonatomet i neste pentose.

Spire Denne kjemiartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.