Nintendo GameCube Game Boy Advance-kabel
Nintendo GameCube Game Boy Advance-kabelen (korta GCN-GBA-kabel) er ein kabel som ein kan nytta for å kopla spelkonsollane Nintendo GameCube og Game Boy Advance saman. Kabelen har ei side for å kopla til kontrollar-utgangen på GameCube og ei anna for å kopla til utvidings-porten på Game Boy Advance.
Dei stasjonære spelkonsollane GameCube og Wii er båe kompatible med kabelen, og av handhaldne konsollar er Game Boy Advance, Game Boy Advance SP, Game Boy Player og e-Reader kompatible. Game Boy Micro stør ikkje kabelen grunna at han har ein anna utforma utvidings-port.
Kompatible spel
[endre | endre wikiteksten]GameCube
[endre | endre wikiteksten]Denne lista ramsar opp spel på Nintendo GameCube som stør Nintendo GameCube Game Boy Advance-kabelen.
- Animal Crossing
- Billy Hatcher and the Giant Egg
- Final Fantasy Crystal Chronicles
- The Legend of Zelda: Four Swords Adventures
- The Legend of Zelda: The Wind Waker
- Mario Golf: Toadstool Tour
- Metroid Prime
- Pokémon Channel
- Pokémon Colosseum
- Pokémon XD: Gale of Darkness
- Prince of Persia: The Sands of Time
- Rayman 3
- Wario World
- WarioWare, Inc.: Minigame Mania
Game Boy Advance
[endre | endre wikiteksten]Denne lista ramsar opp spel på Game Boy Advance som stør Nintendo GameCube Game Boy Advance-kabelen.