Hopp til innhald

Nerve Net

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nerve Net
Studioalbum av Brian Eno
Utgjeve 1. september 1992
Sjanger Eksperimentell musikk, elektronisk musikk
Lengd 1:04:25
Selskap All Saints Records
Produsent Brian Eno
Kritikk
Brian Eno-kronologi 
Wrong Way Up
(1990)
Nerve Net The Shutov Assembly
(1992)


Nerve Net er eit album frå 1992 av den britiske musikaren Brian Eno. Det markerte ein tilbakekomst til meir rock-orienterte songar, blanda med tungt synkoperte rytmar, eksperimentelle elektroniske komposisjonar og stundom innslag av jazz. Den ambiente kjensla er framleis der på fleire spor, men ofte mørkare og meir stemningsskapande enn på stykka som Eno er mest kjende for.

«Ali Click» og «Fractal Zoom» vart begge gjevne ut på singlar, begge med remiksar av artistar som Moby, Markus Dravs og Isaac Osapanin.

Alle songar er skrivne av Brian Eno.

Nr.TittelLengd
1.«Fractal Zoom»6:24
2.«Wire Shock»5:27
3.«What Actually Happened?»4:41
4.«Pierre in Mist»3:47
5.«My Squelchy Life»4:02
6.«Juju Space Jazz»4:26
7.«The Roil, the Choke»5:00
8.«Ali Click»4:13
9.«Distributed Being»6:10
10.«Web»6:21
11.«Web» (Lascaux Mix)9:44
12.«Decentre»3:26
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Fractal Zoom» (Separate Time Edit)4:15
14.«Ali Click» (Doo Gap Mix)4:43

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. Berger, Arion (November 6, 1992). «Nerve Net: Music Review:Entertainment Weekly». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 18. desember 2009. Henta 25. april 2011.