Musculus levator scapulae
Musculus levator scapulae | |
---|---|
Bilete viser musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. M. levator scapulae er vist i raudt. På høgresida av ryggen er m. trapezius fjerna. | |
Norsk namn | Skulderbladløftaren |
Gray's | subject #121 435 |
Utspring | Dei bakre knutane på tverrtaggane på dei fire øvste halsvirvlane, processi transversi vertebrae sine tubercula posteriora, C1 - C4. |
Feste | Overkanten av skulderbladet, margo superior scapulae. |
Arterie | A. dorsalis scapulae. |
Nerve | Spinalnervane frå tredje og fjerde ryggmergsegment og n. dorsalis scapulae frå armnerveflettverket, plexus brachialis. |
Rørsle | Løftar skulderbladet og bikkar det slik at skulderleddet går inferiort. |
Antagonist | M. serratus anterior |
Musculus levator scapulae, (frå latin, levator - «løftar», scapulae - «som høyrer til skulderbladet»), på norsk somtid òg kalla skulderbladløftaren, er ein ryggmuskel som går mellom skulderbladet og ryggsøyla.
Utspring og feste
[endre | endre wikiteksten]Han spring ut frå halstverrtaggane sine bakre knutar på dei fire øvste halsvirvlane, tuberculus posterior processi transversi vertebrae C1-C4. Han festar seg på den øvre kanten og mediale hjøret av skulderbladet, margo superior et angulus mediale scapularum.
Innervasjon
[endre | endre wikiteksten]Han er innervert frå spinalnervar frå fjerde og femte ryggmergsegment, og ofte av ein grein frå n. dorsalis scapulae som kjem frå armnerveflettverket, plexus brachialis.[1]
Rørsle
[endre | endre wikiteksten]M. levator scapulae sin hovudrørsle er å løfte skulderbladet opp og medialt. Når skulderbladet er stabilisert av andre skulderbladsmusklar vil kontraksjon av muskelen føre til at nakken blir bøygd mot den sida kor muskelen trekkjer seg saman.
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]-
M. levator scapulae vist som ein raud muskel på skjelettet.
-
Halsmuskulaturen sett frå sida.
-
M. levator scapulae er vist i denne disseksjonen av halsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gray's Anatomy: Musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla, vitja 26.12.2012 (engelsk)