Mountain Standard Time
Mountain Standard Time er ei tidssone i Nord-Amerika som er minus sju timar frå universaltida (eller minus åtte timar norsk tid). Tida i denne sona er basert på ei middelsoltid ved 105. vestlege lengdegrad.
I USA og Canada vert tidssona vanlegvis kalla Mountain Time (MT). Namnet syner til at Rocky Mountains, som er ei fjellkjede frå nordvestlege Canada til den amerikanske staten New Mexico, ligg heilt innafor tidssona. I Mexico vert tidssona kalla Stillehavssona.
I USA og Canada er Mountain Time ein time føre Pacific Standard Time og ein time bak Central Time Zone.
Den største byen med Mountain Standard Time er Ciudad Juárez i Chihuahua. Phoenix storbyområde er det største storbyområdet i sonen.
Canada
[endre | endre wikiteksten]Dei følgjande provinsane og områda har Mountain Standard Time:
- Alberta
- Northwest Territories (utanom Tungsten)
- det meste av Kitikmeot Region i Nunavut
- delar av det søraustlege og nordaustlege British Columbia
- området Saskatchewan like kring Lloydminster
Mexico
[endre | endre wikiteksten]Dei følgjande statane ligg har Mountain Standard Time:
- Baja California Sur
- Chihuahua
- Nayarit: Utanom frå Bahía de Banderas kommune som nytta Central Time Zone.
- Sonora – har ikkje sommartid, alltid MST.
- Sinaloa
- Revillagigedoøyane (Colima): tre av dei fire øyane har same tid som Mountain Standard Time, Isla Socorro, San Benedicto-øya og Roca Partida.
USA
[endre | endre wikiteksten]Dei følgjande statane eller områda har Mountain Standard Time:
- Arizona – har ikkje sommartid.
- Colorado
- Idaho – sørlege halvdelen, sør for Salmon River
- Kansas – berre fylka Sherman, Wallace, Greeley og Hamilton, all ved grensa til Colorado. Dei tre andre fylka som grenser til Colorado, Cheyenne, Morton og Stanton, har Central standardtid, i lag med resten av Kansas.
- Montana
- Nebraska – den vestlege tredjedelen
- Nevada – West Wendover, ved grensa til Utah, er den einaste staden i staden som offisielt nyttar Mountain Time.[1] Byane Jackpot, Jarbidge, Mountain City og Owyhee, som offisielt har Pacific Standard Time, nyttar lokalt Mountain Time sidan dei ligg nærmare og har sterkare band til byane i Idaho..[2]
- New Mexico
- Nord-Dakota – sørvesthjørnet, sørvest for Missourielva
- Oregon – det meste av Malheur County, ved grensa til Idaho
- Sør-Dakota – den vestlege halvdelen
- Texas – dei to vestlegaste fylka (Hudspeth, El Paso)
- Utah
- Wyoming
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mountain Standard Time» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Delen Goldberg (July 2, 2011). «Nevada’s tiny town with a different time zone». Las Vegas Sun. Henta 13. juni 2016. «West Wendover is the only town in Nevada that runs on Mountain Time. Jackpot, an even smaller town in Elko County, unofficially observes Mountain Time but is technically part of the Pacific Time Zone.» (quote in slide 4)
- ↑ «Time Zone Exceptions and Oddities». Henta 13. juni 2016.