Hopp til innhald

Midnatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kl. 24:00 midnatt
Midnatt i Oslo den 19. juni, under sommartida då det sjølv ved midnatt er ganske lyst.

Midnatt er eit tidspunkt om natta. I vanleg kalendarisk tyding viser tidspunktet til klokka tolv om natta og overgangen frå eit døgn til eit anna. Astronomisk viser det til den tida av døgnet er sola står lågast på himmelen i høve til horisonten. Det svarer til tidspunktet middag.

Midnatt på klokka kan skrivast 24:00 om ein viser til det som avslutnad på døgnet og 00:00 om ein viser til starten på det nye døgnet. Sjå elles standarden ISO 8601.

Midnatt har ei særskild kulturell tyding nyttårsaftan, då tidspunktet markerer overgangen til eit nytt år.

Sann midnatt er tidspunktet for den nedre kulminasjonen av den verkelege sola, det vil sei at sola er i nord på den nordlege halvkula.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]