Michel Platini
Michel Platini i 2010 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Michel François Platini | ||
Fødselsdato | 21. juni 1955 (69 år) | ||
Fødestad | Jœuf i Frankrike | ||
Høgd | 1.79 m | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1972–1979 | Nancy | 181 | (98) |
1979–1982 | Saint-Étienne | 104 | (58) |
1982–1987 | Juventus | 147 | (68) |
Totalt | 432 | (224) | |
Landslag | |||
1978–1987 | Frankrike | 72 | (41) |
Landslagstrenar for | |||
1988-1992 | Frankrike | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Michel François Platini (fødd 21. juni 1955) er ein fransk idrettsleiar og tidlegare fotballspelar, fødd i Jœuf i Meurthe-et-Moselle-departementet. Han var president i Det europeiske fotballforbundet (UEFA) frå 2007 til 2015.[1] Platini var ein offensiv midtbanespelar som var den heit dominerande spelaren då Frankrike vann EM i fotball 1984. Han spelte 72 landskampar og skåra 41 mål for Frankrike i tida, og vart i av France Football i 2000 kåra til tidenes beste franske fotballspelar, framom Zinédine Zidane.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Platini seriedebuterte for AS Nancy våren 1973 og spelte for klubben fram til 1979. Både i 1976 og 1977 fekk han prisen som beste spelar i den franske serien. Han var lagkaptein då Nancy vann 1–0 over Nice i den franse cupfinalen 1978. Sommaren 1979 underskreiv han ein treårskontrakt med AS Saint-Étienne, ein klubb han førte til seriemeisterskap i 1981.
Frå sommaren 1982 og i fem år framover var Platini Juventus-spelar. Han gjekk rett inn i eit klubbmannskap som bestod av mange av Italias verdsmeistrar frå same året; Dino Zoff, Gaetano Scirea, Antonio Cabrini, Claudio Gentile og Marco Tardelli. Platini vart likevel den mest sentrale spelaren bak Juventus sine mange triumfar dei neste fem åra. I 1983 vann Torino-klubben den italienske cupen, og året etter både den italienske serien og cupvinnarcupen. Under tragiske omstende på Heysel-stadion, der fleire titals italienske tilskodarar vart drepne, vann Juventus over Liverpool i europacupfinalen 1985. I 1986 vart Platinie seriemeister med Juventus for andre gong. Våren 1987 la han opp.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Platini spelte sin fyrste landskamp 27. mars 1976, og skåra eitt av måla då heimelaget spelte uavgjort 2–2 mot den komande europameisteren Tsjekkoslovakia. Han var med i den franske troppen både under VM i fotball 1978 og 1982, i den siste meisterskapen tapte Frankrike ein dramatisk semifinale mot Vest-Tyskland på straffeskyting. Også bronsemedaljen gjekk tapt ettersom Polen vann bronsekampen med 3 mot 2.
EM i fotball 1984 presenterte Platini seg på sitt aller beste. Med ni mål og skåring i kvar einaste kamp, stod han fram som den suverene einaren i meisterskapen. Det enda med at han som lagkaptein kunne ta mot EM-pokalen og feire at Frankrike for fyrste gong hadde vunne ein stor meistertittel. Som i 1982-VM møttest Frankrike og Vest-Tyskland til ein ny semifinale-dyst i VM i fotball 1986, og som sist gjekk Frankrike tapande ut av møtet. Til skilnad frå 1982 vann Platini og Frankrike denne gongen bronsefinalen.
Idrettsleiar
[endre | endre wikiteksten]Platini var fransk landslagssjef frå 1988 til 1992, utan å oppnå større suksess. Seinare engasjerte han seg idrettspolitisk, og vart i 2007 vald til leiar av UEFA (det europeiske fotballforbundet). Attvald i 2011 og 2015.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Augustyn, A. «Michel Platini» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 10. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Michel Platini» frå Wikipedia på tysk, den 27. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1955
- Franske fotballspelarar
- Juventus-spelarar
- Nancy-spelarar
- Saint-Étienne-spelarar
- Idrettsleiarar
- Franske fotballtrenarar
- Folk som er nemnde i Panamapapira
- Franske deltakarar under sommar-OL 1976
- Fotballspelarar under sommar-OL 1976
- Spelarar i Fotball-VM 1978
- Spelarar i Fotball-VM 1982
- Spelarar i Fotball-EM 1984
- Spelarar i Fotball-VM 1986