Hopp til innhald

Mazor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mazor
מָזוֹר
moshav
Land  Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 32°3′9″N 34°55′33.95″E / 32.05250°N 34.9260972°E / 32.05250; 34.9260972
Areal 2,3 km²
Folketal 1 294
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av Jødiske immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn og innfødde israelarar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Mazor
32°03′09″N 34°55′34″E / 32.0525°N 34.926111111111°E / 32.0525; 34.926111111111
Kart som viser Mazor.
Kart som viser Mazor.
Kart som viser Mazor.
Wikimedia Commons: Mazor

Mazor (hebraisk skrift מָזוֹר, tyder 'Kur') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta kring 3 km søraust for Petah Tikva og dekkjer 2 300 dekar og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 1 294.[1]

Columbarium i Mazor-mausoleet.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn og av innfødde israelarar. Han vart opphavleg kalla Mizra Har (hebraisk skrift מזרע הר, tyder Sådd eng på eit fjell), men vart seinare kalla Mazor, eit namn som kom frå den avfolka arabiske landsbyen al-Muzayri'a. Den første tida i Mazor er tema i ein historisk roman, Kfar BaSfar («Ein landsby på grensa») av Gershon Erich Steiner, ein av grunnleggjarane av Mazor.[2]

Mazor vart grunnlagd på landområde som høyrer til den avfolka arabiske landsbyen Rantiya,[3] og det vestlege landområdet til al-Muzayri'a.[4]

Aust for moshaven ligg ein arkeologiske stad med eit romersk mausoleum frå 200-talet. Mausoleet er den einaste bygningen frå romartida i Israel som framleis står frå fundamentet til taket. Det vart funne eit mosaikkgolv frå bysantinsk tid ikkje langt frå mausoleet.Mal:Cn

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. 
  2. About Mazor Homee
  3. Khalidi, Walid (1992). All that Remains. Washington DC: Institute for Palestine Studies. s. 252. ISBN 0-88728-224-5. 
  4. Khalidi, p399