Hopp til innhald

Marsipan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyske marsipan-«poteter».

Marsipan er ein konfekt laga av malne mandlar, melis og eggekvitar, som vert blanda og ofte forma til ulike figurer. Marsipan er ein opphavleg persisk eller arabisk matrett som i dag blir mykje bruka i nordafrikansk, iberisk, sentraleuropeisk og skandinavisk kultur. Marsipan vert ofte smaksett med saft eller sherry, og farga med konditorfargar. I Skandinavia høyrer heimelaga marsipanfigurar til det tradisjonelle julegodtet.

I Noreg og Danmark er ein marsipangris ofte premie til den som finn mandelen i grauten eller riskremenjulaftan.

Opphavet til ordet er omstridd. Ordet vart lånt til tysk i det sekstande hundreåret frå italiensk marzapane. Det finst talrike spekulasjonar rundt opphavet til det italienske ordet:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Sjå t.d. no:Marsipan slik artikkelen var 12.8.2008
  2. Allwords.com
  3. Nynorskordboka

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Marsipan. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker.